Yoga i dojoen med Elisabeth

 

Å få gje det vidare

Då har eg tatt spranget. Frå januar 2020 flyttar eg yogatimane mine til dojoen til karateklubben i Næringshagen, Brøløsvegen 57. Nedste inngangen.

Er eg nervøs? Ja, spent og litt redd. Men, tenker eg, sjølv at du er redd, betyr ikkje det at du ikkje skal gjere det.

Yoga er viktig for meg, og gjev meg høve til å utvikle meg både fysisk, mentalt og kjenslemessig. Eg oppdaga då eg utdanna med til yogalærar ved Oslo Yoga at eg elskar å undervise, og å få lov til å gje yogavidare er ei gåve. Å sjå menneske finne pusten sin, denne elva mellom hjarte og hjerne, der straumen går båe vegar er stort for meg. Å merke roa og styrken, sårbarheita og nærværet som kjem til syne, hos nokre raskt, hos andre meir langsamt, gjer meg audmjuk.

Kvifor dojoen?

Det passar på ein måte saman, desse gamle treningsformene karate og yoga.

I Store norske leksikon kan ein lese om karate:

«I de første hundreårene etter vår tidsregning fikk buddhismen stor innflytelse i Kina. Ifølge legender kom Bodhidharma til Kina fra India og skapte et lærested for yngre buddhistmunker. Den religiøse opplæringen bestod blant annet i krevende meditasjon som forutsatte en sterk fysikk.»

Slik er også yoga i i utgangspunktet ei treningsform frå austen som blei utvikla for å bli sterk nok til å kunne sitte lenge i meditasjon. Me vender oss innover og finn nærvær, tilstedeværelse, både i karate og i yoga.

Dojoen, treningslokalet, i kjelleren av  Seljord næringshage er romsleg og har god energi. Her er det god plass til å utfalde seg, og ei stille til å finne ro i.

Tider

Me kjem til å ha kurs tre dagar i veka. Marianne Hellstrand som driv Dalen yogasenter innanfor Art of living – Sri Sri yoga, vil ha yogakurs på tysdagskveldane.

Mine timar er på måndagar og torsdagar.

Måndag blir det morgonyoga (den perfekte start på veka) mellom klokka 7 og 8.

(Me avsluttar fem på, slik at dei som skal rekke jobb, gjer det.)

Og torsdag mellom 19.00 og 20.30 gjev me oss sjølve litt betre tid til å utforske både yogaflyt, pust og meditasjon.

Yoga er for alle. Du kan kome som nybegynner, med behov for tilpassing, eller som øvd. Det viktigaste å vite er at det er din yoga på di matte der du er i ditt liv.

Velkomen.

 

 

 

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *