Nyttårsfortsettingar

  • Morgonyoga i dojoen

Yoga er for alle.

Det er første søndagen i det nye året og i morgon startar eg opp med yoga i dojoen. Eg må innrømme at eg både er spent og at eg gler meg.
– Har du laga deg nyttårsforsett, spurde venninna mi dottera si?
– Nei, men eg har nokre nyttårsfortsettingar, svara dottera.
Slik er det med meg òg. Egh har nokre nyttårsfortsettingar.
Almanakk med tidsreise
I nokre år har eg kjøpt ein almanakk frå Amerika. «What I will do to feel the way I want to feel». Den har eg hatt stor glede av. For 2020 droppa eg å likevel kjøpe den og eg må innrømme at eg angrar nok litt, men ugjort er ugjort. Det er ikkje poenget i denne historia. Saka er det at eg kjøpte meg ny almanakk til eit almanakkomslag eg har. Det er fint og raudt og passar meg, tenkte eg, opna det og fekk meg ei lita tidsreise. Det er fem år sidan sist eg brukte det. På tampen av 2014 hadde eg notert meg seks punkt.
Den gong då
Seks punkt som dreidde seg om område i livet mitt eg meinte det var viktig å jobbe med. Dei såg om lag slik ut:
Punkt ein: Det konstant dårlege samvitet for familien; for barna, for barnebarna, for mor mi og brørne mine, og sist, men ikkje minst, for han eg deler livet med, kjærasten min til kvardag og fest. Og for hunden. Ho er også ein del av familien.
punkt to står det: Helse, trening, friluft. Vekt.
På den tida hadde eg brukt eit par år på Høgskole i Bø. De hadde eg studert norsk litteraur og gått på forfattarstudiet. Eg planla ein bachelor, kanskje ein master i norsk litteratur, punkt tre minner meg på at eg hoppa av.
Forklaringa fann eg under punkt fire: Eg opplevde at eg hadde eit (for) stort liv. Mykje å halde styr på, mykje å halde kontroll på – i tillegg til at eg hadde engasjert meg i styrearbeid for kunstforeining og spel (punkt fem).
Punkt seks: Vener har eg også. Det tar tid. Venskap, som andre mellommenneskeleg forhold, må me dyrke om dei skal vekse og trivast.
Mykje å makte, mykje å rekke over.
Tampen av 2019
Så eg la eit ark ved sidan av det historiske funnet og skreiv opp dei seks punkta og korleis eg opplever dei ved dette årsskiftet.
Punkt ein var ei glede: Det dårlege samvitet for familien var kraftig redusert. «Alt er ikkje berre mitt ansvar», skreiv eg, og innsåg at eg hadde knappa opp nokre knappar den tvangstrøya kontrollfriken i meg hadde kledd meg i. Eg kan ikkje seie at eg har tatt ho heilt av, men ho strammar tydelegvis ikkje så mykje lenger. «Det er ei tovegsgreie», la eg til.
Eg hoppa av med studia på høgskolen, men slutta ikkje å studere. «Utdanning = Utvikling og kunnskap», skreiv eg og fylte ut med drømmar og planar om å utvikle meg.

Dojoen til Skorve karataklubb er eit godt rom å vere i. Yoga for alle – kvar som helst.


Eg veks
Det er fem år mellom den første og den andre lista mi. Men ved å stille dei saman, oppdagar eg vekst. Fortsettingar.
Eg er framleis fokusert på helse og vekt. Der er ei nyttårsfortsetting, ei del av min historie, men i dag har eg andre måtar å møte utfordringane mine på enn eg hadde den gongen. Livet er framleis stort, men ikkje for stort. Vener har eg heldigvis framleis. Men kva er dette med fortsettingar framfor forsett? Me tenker så lett at me må vere flinke og slutte med eit og byrje med eit anna. Me lovar oss sjølv, berre for å oppdage at me fell i same fella kvar gong. Så eg nyttårsfortsetter med å utvikle meg, med å vekse og å bli ei utgåve av meg sjølv som eg trivast med. «Eit steg om gangen er alt du får til sjølv om du spring», står det på eit kort eg fann ein gong. Slik er det, tenker eg. Eit steg om gangen.

Alt er klart og eg ventar i spenning.


Mi vesle yogareise
Eg oppdaga yoga eit par år før eg skreiv den første lista med sine seks punkt, men hadde på ingen måte gjort yogapraksis til ein del av kvardagen min. Sommaren for fem og eit halvt år sidan, hang det ein lapp på ei tavernadør i Hellas. Yoga med Lucy. Eg hadde så lyst! Men eg vågde ikkje. Året etter var eg tilbake på same staden, og vågde! Det spranget blei den verkelege byrjinga på mi yogareise. Hausten 2016 fekk eg plass på yogalærarutdanninga til Oslo Yoga. Eg søkte fordi eg tenkte at eg måtte kunne meir for å gjere yoga til ein del av kvardagen min. Eg ønskte yoga som ein grunnstein i livet. Eg visste det var bra for meg, men eg visste ikkje kvifor og korleis, men eg trudde at å praktisere yoga gjorde noko med meg fysisk, psykisk og emosjonelt. Det stemte for meg, sjølv om det har vore mykje indre motstand. Eg er ikkje sikker på kor glad hjerna mi er i forandring. Eg blei kjend med min indre observatør og har lært å kjenne att mønstera mine og monstera mine. Eg har lært å gjere noko med dei, lært å ta vare på meg sjølv og å vere litt glad i meg sjølv. Og kanskje aller mest viktig: Eg oppdaga at eg elskar å undervise yoga, å gje det vidare. Delt glede er meir enn dobbelt så stor glede, kjenner eg. I to år har eg vore så heldig og fått undervise på Sterke-Nilssenteret, men det var på tide for meg å kome meg vidare, opne nye dører.
Eg går inn i 2020 sterkare, opnare, modigare enn noko anna år eg har gått inn i etter at eg blei vaksen. Det gjer meg så glad! Eg er overbevist om at eg ikkje hadde kome hit eg er utan yoga. Og eg har så lyst å dele det, gje det vidare. Det er mi viktigaste nyttårsfortsetting.
Yoga kan du gjere når som helst, kvar som helst av kven som helst. Du er aldri for gamal, for ung, for lett eller for tung. Yoga er for alle. Om du er reiseklar, håpar eg du kjem. Velkomen skal du vere.

Yoga kan me gjere kvar som helst når som helst.

Påmelding til Yoga med Elisabeth: Messenger eller vipps til 911 57 373 Elisabeth Hagen Kvalem

Yoga i dojoen med Elisabeth

 

Å få gje det vidare

Då har eg tatt spranget. Frå januar 2020 flyttar eg yogatimane mine til dojoen til karateklubben i Næringshagen, Brøløsvegen 57. Nedste inngangen.

Er eg nervøs? Ja, spent og litt redd. Men, tenker eg, sjølv at du er redd, betyr ikkje det at du ikkje skal gjere det.

Yoga er viktig for meg, og gjev meg høve til å utvikle meg både fysisk, mentalt og kjenslemessig. Eg oppdaga då eg utdanna med til yogalærar ved Oslo Yoga at eg elskar å undervise, og å få lov til å gje yogavidare er ei gåve. Å sjå menneske finne pusten sin, denne elva mellom hjarte og hjerne, der straumen går båe vegar er stort for meg. Å merke roa og styrken, sårbarheita og nærværet som kjem til syne, hos nokre raskt, hos andre meir langsamt, gjer meg audmjuk.

Kvifor dojoen?

Det passar på ein måte saman, desse gamle treningsformene karate og yoga.

I Store norske leksikon kan ein lese om karate:

«I de første hundreårene etter vår tidsregning fikk buddhismen stor innflytelse i Kina. Ifølge legender kom Bodhidharma til Kina fra India og skapte et lærested for yngre buddhistmunker. Den religiøse opplæringen bestod blant annet i krevende meditasjon som forutsatte en sterk fysikk.»

Slik er også yoga i i utgangspunktet ei treningsform frå austen som blei utvikla for å bli sterk nok til å kunne sitte lenge i meditasjon. Me vender oss innover og finn nærvær, tilstedeværelse, både i karate og i yoga.

Dojoen, treningslokalet, i kjelleren av  Seljord næringshage er romsleg og har god energi. Her er det god plass til å utfalde seg, og ei stille til å finne ro i.

Tider

Me kjem til å ha kurs tre dagar i veka. Marianne Hellstrand som driv Dalen yogasenter innanfor Art of living – Sri Sri yoga, vil ha yogakurs på tysdagskveldane.

Mine timar er på måndagar og torsdagar.

Måndag blir det morgonyoga (den perfekte start på veka) mellom klokka 7 og 8.

(Me avsluttar fem på, slik at dei som skal rekke jobb, gjer det.)

Og torsdag mellom 19.00 og 20.30 gjev me oss sjølve litt betre tid til å utforske både yogaflyt, pust og meditasjon.

Yoga er for alle. Du kan kome som nybegynner, med behov for tilpassing, eller som øvd. Det viktigaste å vite er at det er din yoga på di matte der du er i ditt liv.

Velkomen.